nov 062014
 
Sjetteklassingane ved Trolandshamar skule meinte godt det kunne vera meir fotballstoff i avisa.

Sjetteklassingane ved Trolandshamar skule meinte godt det kunne vera meir fotballstoff i avisa.

På begge skulane vart May Linn utfordra til å teikna redaktør Trond på tavla. Den ein slik teikning i kvar avis, trudde Storebø-elevane Marsteinen ville vorte hyppigare lesen av barn!

På begge skulane vart May Linn utfordra til å teikna redaktør Trond på tavla. Med ei slik teikning i kvar avis, trudde Storebø-elevane Marsteinen ville vorte hyppigare lesen av barn!

I føremiddag var redaktør Trond Hagenes og journalist May Linn Clement på ekskursjon til sjetteklassingane på Trolandshamar og Storebø. Målet for utflukta var å fortelja litt om kvifor me har ei lokalavisa, kva nyhende som er aktuelle for austevollingar og samstundes få innspel frå dei unge lovande, som i desse dagar har avis som tema på skulen. Mange av barna likte å lesa om fotball i avisa, og ytra ynskje om at me kunne skriva meir om aldersbestemt fotball. Elles hugsa alle om dei hadde vore avbilda i Marsteinen tidlegare, og syntest tydeleg at det var stas å få andleta sine på trykk.
Elevane kunne samstundes læra dei tilsette i Marsteinen å lesa saker på BISON-overblikk, som inneber å fyrst lesa biletet og biletteksen, deretter ingressen, så sluttsetninga, siste avsnitt og til slutt alle NB-orda.

Storebø-elevane skriv sjølv sine eigne saker under prosjetet Avis i skulen, men i motsetnad til redaksjonelle tekstar er det her lov å sletta fantasien heilt fri. Linnea Nilsen (nede til høgre) skriv om ein mordar som går laus på Storebø!