nov 072014
 
Englane dukka opp støtt og stadig, men her er heile barnekoret saman i Nå tennes tusen julelys.

Heile barnekoret er samla i Nå tennes tusen julelys.

I kveld var sponsorar og familien til dei involverte inviterte til premieren av julespelet Det hende i dei dagane… i Storekalsøy kyrkje.

Dei tre vise mennene er som nerdar å rekna når det kjem til stjerner, Herodes trivst godt blant magedansande kvinner og Maria har eit uvanleg godt lag med små lam. Med utgangspunkt i juleevangeliet var det ei fargerik framsyning spekka med song- og musikkprestasjonar i toppsjiktet publikum fekk servert på Storekalsøy i kveld.

Du kan lesa om premiereframsyninga i neste utgåve av Marsteinen.