nov 102014
 
Toppscorar Kristoffer Østervold - med smått utrulege 28 nettkjenningar i serien - blir i løpet av dagen klar for Os turn, etter det Marsteinen erfarer.

Toppscorar Kristoffer Østervold – med smått utrulege 28 nettkjenningar i serien – blir i løpet av dagen klar for Os turn, etter det Marsteinen erfarer.

Austevoll sin toppscorar denne sesongen, Kristoffer Østervold er klar for Os turn. Dagleg leiar i fotballgruppa til laget på den andre sida av Bjørnefjorden stadfestar at dei har sendt ein førespurnad til Austevoll om spelaren. AIK stadfestar overgangen på nettsida si.

– Me har invitert Kristoffer på nokre treningar, og likte det me såg. Han har eit stort potensiale, og ynskjer kanskje viktigast av alt å verta god, seier Lars Bakkerud til Marsteinen. Klubben over fjorden satsar på opprykk og å etablera seg i andredivsjon.

 

Satsar

Med i biletet er det å verta ein av dei beste klubbane i Hordaland på vidareutvikling av unge fotballspelarar.

– Os ynskjer å halda på talenta noko lenger, i staden for at dei går til ein bydelsklubb. Trykket og interessa er noko heilt anna her, der me fort kan få 500-600 tilskodarar på heimekampane om me spelar i andredivisjon, seier den gamle midtbaneeleganten frå Brann stadion til lokalavisa.

Kristoffer, som for tida studerer i Bergen, er særs godt nøgd med å få høvet i Os.

– Klubben har ein røynd sportsleg leiar i Bakkerud og ein trenar eg har tru på i Hassan El Fakiri – dei har gode rammer kring laget sitt. Eg fekk med ein gong ei god magekjensle etter å ha trent med dei, og meiner at dette er høvet eg må ta, seier Østervold.

Spelaren vart etter sesongen kåra til fjerdedivisjon avdeling 1 sin beste spelar.