nov 132014
 

Oversikt
Kvar dag veks moloen på Salthella fire-fem meter. Til det trengst det stein. Enormt mykje stein.

– Me skal møta Atle, er det ein av dykk?
Det tre mennene ser litt spørjande mot kvarandre i nokre sekund, før dei alle vel å peika mot sidemannen. Og der er stemninga sett; dei er ikkje stive steinandlet dei som byggjer moloen på Salthella, sjølv om det i stor grad er stein dei jobbar med.
Ikkje rart dei peika mot kvarandre heller, i kontorlandskapet til entreprenøren Leonhard Nilsen & Sønner (LNS) Saga i tredjeetasjen over MøreNot, møter me nemleg Páll Johannsson og to menn med nesten same førenamn, Atlé Hafsteinsson og Atle Barstad. Sistnemnde er byggjeleiar frå Kystverket, passert 70, og har ei fartstid i etaten på 47 år. CV-en spenner seg frå heving av den russiske kryssaren «Murmansk» til hamneutbygginga i Torangsvågen, og i dag arbeidar Atle med tre andre moloprosjekt i tillegg til Salthella. Ikkje løye han har 200 reisedøger i året.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.