nov 132014
 

Rad fjes
Kristine Fagerbakke, Klara Hellesøy og Hanne Lise Haugland har fått vinterpelsane sine klare til turgåing. To svarte, og ein gul skal gjera kvardagen deira ganske annleis dei neste åtte åra.

– Uææh! Hahaha! Der var du.
Når to svaksynte jenter på sokkelesten møtast i gangen vert det fort litt hopping og lått. I alle høve når kvar av jentene har seks føter som skal stokkast òg. Førarhundane som kom for ei dryg veke sidan har fått fast plass under trappa, men så fort eigarane er på føtene kjenner dei at plikta kallar, så klart. Vekevis med kursing, testing og eksaminering sikra dei tre austevollingane firbeinte kvardagsverkty. Frå no av slepp dei å hasta heim når mørkret byrjar falla.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.