nov 172014
 
Åkyllaren 2. februar 2014. Lynglund er nett henta opp frå vraket, medan bilen enno ligg delvis nedsøkkt i Åkyllaren (Arkivfoto).

Åkyllaren 2. februar 2014. Lynglund er nett henta opp frå vraket, medan bilen enno ligg delvis nedsøkkt i Åkyllaren (Arkivfoto).

I dag starta rettssaka etter ulukka der 18-årgamle Christer Lynglund frå Sotra omkom. Ulukka inntrefte kvelden 2. februar 2012, der ein bil med hengjar køyrde ut av vegen, ned skrenten som fører til sjøen nedanfor vegbanen.

 

I fylgje Bergens Tidende er byggmeisteren som førte og eigde ulukkesbilen tiltalt for uaktsamt drap og brot på fem punkt i vegtrafikklova. Den tiltalte nekta straffskuld for alle tilhøva, med unnatak av eitt.

Rettssaka skal etter planen gå over fire dagar, og i tysdagsmorgonen vert det synfaring ved Åkyllaren.

Ulukkeskøyretøyet hadde omfattande manglar, mellom anna dekk som verka inn på bilen sin bremse-, styrings-, tryggings- og køyringseigenskapar. Køyretøyet var begjært avskilta, og det framgår at det var stor slark i eit hjullager, medan passasjersetet var mangelfullt festa. Bilen mangla òg EU-godkjenning.

Aktor Per Johan Aksevold peika måndag på at den mangelfullt sikra lasta òg var ei av årsakene til ulukka, mellom anna 600 liter sand i hengjaren og tre sementsekkar som var lagde bak passasjersetet i bilen.

Karsten Krüger Engedal er den tiltalte sin forsvarar.