nov 182014
 
Aktor Per Johan Askevoll demonstrerer korleis dei sakkyndige vurderer tilhengjaren sine rørsler ved ulukka 2. februar 2012.

Aktor Per Johan Askevoll demonstrerer korleis dei sakkyndige vurderer tilhengjaren sine rørsler ved ulukka 2. februar 2012.

Tekniske full og vegtekniske tilhøve var sentrale då Nordhordland tingrett utførte synfaring i samband med rettssaka etter dødsulukka ved Åkyllaren i februar 2012. Bilen og tilhengjaren sine rørsler, punkt for utkøyring, kritisk fart i svingen og høgda på støypekantar vart alt saman diskutert.

Den tiltalte byggmeisteren nektar straffskuld for uaktsamt drap, og brot på fleire punkt i vegtrafikklova. Det var den 18-årige Christer Lynglund frå Sotra som omkom etter at ein Nissan Patrol 1985-modell hamna utanfor vegen og ned i Åkyllaren i Heimarkpollen.