nov 202014
 
Det fyrste kullet Asbjørg Drønen (78) hadde ved Storebø skule, vert alle 60 år i 2014. Bak frå venstre står Inge Arve Birkeland, Jan Egil Horgen, Terje Haugland, Oddvinn Sørhaug, John Bjarte Storebø, Jostein Bjånesøy, Lyder Birkeland, Arvid Taranger, Alfred Troland og Inge-Olav Bjånes. Framme frå venstre: Gunn Karlsen, Mona Solbakken, Sølvi Østensen, Anne Gunn B. Hatlevik, Else Mari Søreide og Gerd Bjånes. (Klassebiletet er klipt inn digitalt)

Det fyrste kullet Asbjørg Drønen (78) hadde ved Storebø skule, vert alle 60 år i 2014.
Bak frå venstre står Inge Arve Birkeland, Jan Egil Horgen, Terje Haugland, Oddvinn Sørhaug, John Bjarte Storebø, Jostein Bjånesøy, Lyder Birkeland, Arvid Taranger, Alfred Troland og Inge-Olav Bjånes. Framme frå venstre: Gunn Karlsen, Mona Solbakken, Sølvi Østensen, Anne Gunn B. Hatlevik, Else Mari Søreide og Gerd Bjånes.
(Klassebiletet er klipt inn digitalt)

Båt frå Eido, heimebesøk hos læraren og verdas finaste mor på fyrste skuledag. Bli med attende til då dagens 60-åringar byrja på Storebø skule.

Hausten 1961 byrja den 25 år gamle nyutdanna lærarinna Asbjørg Drønen på Storebø skule. Det var mangel på utdanna lærarar den gongen, og lett å få arbeid. For Asbjørg sin del, fell det naturleg å koma attende til Austevoll.
– Eg gjekk nemleg på realskulen her nokre år tidlegare, og då vart eg kjend med Magne som seinare vart ektemannen min, forklarar ho.
Medan skuleinspektøren Jørgen Solbakken budde i lærarbustaden på skulen, flytta Asbjørg og Magne inn i lærarinnebustaden. Han var noko mindre, og det vart litt trongt då dei etterkvart vart foreldre, men ganske så praktisk å bu på skulen likevel, syntest Asbjørg.
Forutan å ha kort veg til jobben, var butikken berre eit steinkast unna.
Vestbø heitte utsalet, og var i kjellaren på eit privathus som låg der Nordstrandsbygget kom opp. Vestbø var ei god, gamaldags krambu.
Dessutan var det i 1961 enno ikkje vorte allmannseige med dusj og vasstoalett, men det hadde dei på skulen.
– Det var heilt vanlig at folk kom til skulen, betalte nokre kroner og fekk vaska seg her.

Les meir om minna til Asbjørg og fleire av elevane på klassebiletet i Marsteinen på papir eller PDF.