nov 202014
 
I barnehageavisa har barna sjølv teke alle bileta. Her viser Kathrine Hovland eine blinkskotet til Oskar Fagerbakke, Olav Skartveit Møgster og Karl Erik Haugland.

I barnehageavisa har barna sjølv teke alle bileta. Her viser Kathrine Hovland eine blinkskotet til Oskar Fagerbakke, Olav Skartveit Møgster og Karl Erik Haugland.

Avisproduksjon står på dagsorden til dei eldste barna ved Storebø FUS barnehage denne månaden.

Dagen etter dei unge journalistane har vore ute på reportasjeturar, kjem Marsteinen på besøk. Hendingane frå i går er allereie sett ord på, og fleire av sidene til barnehage-avisa er klare.
– Me tok buss til Bekkjarvik, seier Oskar Fagerbakke. Sjølve turen er verd ein reportasje, og har fått ei eiga side i avisa. I Bekkjarvik var barna på biblioteket og på leikebutikken.
– Dei hadde ein slange i taket på biblioteket. Den tok eg bilete av, fortel Olav Skartveit Møgster. For alle bileta i avisa har sjølvsagt barna knipsa sjølve.
Frå leikebutikken vert det referert om Ninja Turtles, og at me ikkje måtte ta på tinga.
Det er ikkje alle i villsau-basen som har vore i Bekkjarvik, nokre var att på Storebø – det er sanneleg mykje å ta tak i her òg.
På Statoil har mellom anna Svein Arne teke fram alle nissane som har venta på lageret dei siste ti månadane. Hos Karoline på Husflidskrokjen var avdelinga med perler og knappar det som fall best i smak.
– Og me fekk sjå på dei så mykje me ville.
Men det lengste strået trekte nok dei som fekk gå på Austevoll arbeidssamvirke (ASV). Der har dei laga eit sanserom, der lys og rolege element gjer godt for sinnet.
– Me banka på veggen, og så kom det snø ut av eit røyr, fortel Leandro Sandtorv.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.

Du kan kjøpa heile avisa, eller berre denne eine sida, digitalt i menyen til høgre.