nov 202014
 
Dersom ordføraren får gjennomslag for å løyva Hanne Haugland 100 000 kroner og ein vidare sponsoravtale fram mot OL i 2018, vert Austevoll kommune ein av hovudsponsorane til skeise-esset. (Arkivfoto: Sander Hvammen)

Dersom ordføraren får gjennomslag for å løyva Hanne Haugland 100 000 kroner og ein vidare sponsoravtale fram mot OL i 2018, vert Austevoll kommune ein av hovudsponsorane til skeise-esset. (Arkivfoto: Sander Hvammen)

Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) ynskjer at kommunen sponsar skeiseløpar Hanne Haugland med 100 000 kroner i sesongen 2014-15.

Måndag skal søknaden frå AIK skeisegruppe, der dei ber om sponsormidlar til Hanne Haugland på 50 000 kroner for 2014-15-sesongen og eit tilsvarande beløp for 2015-16, handsamast i formannskapet. Ordførar Møgster Klepsvik vonar å få formannskapet med seg til å løyva 100 000 kroner til Haugland for den inneverande sesongen. I tillegg ynskjer ordføraren å få fullmakt til å inngå vidare sponsoravtale med skeiseløparen, som har hatt ein kjempestart på sesongen. Under World Cup-kvalifiseringa i Stavanger tidlegare denne månaden gjekk ho 500-meter på 39,92 sekund. Dette var fyrste gong ho gjekk under 40 sekund på eit løp i Europa.
– Hanne viser at ho ikkje berre er med på kjøt og flesk, men at ho satsar. Det er tydeleg at ho vil hevda seg både nasjonalt og internasjonalt, og ho har ambisjonar om å delta på OL i 2018. Difor bør me vera med på laget, og danna rammene for at dette skal gå, seier ordføraren til Marsteinen.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.

Du kan òg kjøpa avisa eller enkeltsider her: https://marsteinen.buyandread.com/wl/index.htm