nov 202014
 
Slik kan Blått kompetansesenter sjå ut om det vert realitet. 3d-illustrasjon: b+b arkitekter.

Slik kan Blått kompetansesenter sjå ut om det vert realitet. 3d-illustrasjon: b+b arkitekter.

Naturgitte forhold ligg allereie godt til rette, no trengst det å reisa eit bygg som kan trekkja den marin-maritime kompetansen endå tettare.

– Det er knapt nokon stad på Vestlandet som er betre eigna til eit marint og maritimt kompetansesenter enn Austevoll.
Orda kjem frå Svein Aasebø, som slett ikkje er vorten fulltidspensjonist, men som i staden er prosjektkoordinator for Blått kompetansesenter i Austevoll. Tanken, som har slått retteleg rot i arbeidsgruppa, er å reisa eit bygg som vil binda den vidaregåande skulen saman med havforskinga. Kunnskap vert stadig meir etterspurd innanfor dei maritime næringane, og eit fysisk miljø er ein offensiv måte å møta framtida på. Samstundes vil bygget verta base for den maritime fagskulen, med klassar både i nautikk, akvakultur og etterkvart maskinfag, og i tillegg romma kontormiljø for gründerverksemder, og andre små og mellomstore selskap.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.

Du kan kjøpa avisa digitalt i menyen til høgre —->