nov 252014
 
Grunnstøytting  og brann om bord i M/F "Marstein". Denne gongen var det heldigvis berre ei øving. Foto: John Levi Weløy.

Grunnstøytting og brann om bord i M/F «Marstein». Denne gongen var det heldigvis berre ei øving. Foto: John Levi Weløy.

I dag var det full utrykking til b-ferja M/F «Marstein» med både politi, brannmannskap, helsepersonell og redningsselskapet – men lukkelegvis var det berre ei øving i samhandling.

Uføresette hinder
Scenarioet i Hundvåkosen tidlegare i dag laud som fylgje: Ferja har grunnstøytt og tek inn vatn, ein bil om bord er i brann, og det er éin person inni bilen. I alt 89 passasjerar på ferja.
Vakthavande brannmann Hans Petter Bjånesøy fortel om bakgrunnen for øvinga.
– Årleg har den maritime avdeling i ambulansebåten «Rygervakt» ein fagdag, og i år valde dei å nytta denne til øving i samhandling mellom dei lokale ressursane og oppkopling mot hjelp utanfrå.
Etter fullendt øving, der heile bildekket på M/F «Marstein» var dekka av røyk samstundes som ein bilbrann skulle slokkast og passasjerar evakuerast, hadde alle dei involverte ei gjennomgang og oppsummering av situasjonen, som Bjånesøy meiner er heilt reell.
– Slik ser me kva som har gått bra, og kva me må øva meir på. Det oppstår òg uføresette hindringar, som det er viktig å plukka opp gjennom ei øving.
Mellom anna viste høgdeforskjellen seg å vera ei utfordring. Dekket på ferja er langt høgare enn «Rygervakt», og det var ikkje enkelt å frakta pasientar opp og ned.
– Dessutan er «Rygervakt» utstyrt med viktig brannslokkingsutstyr, som me er avhengige av når båten må køyra avgarde med skadde personar. I ein slik situasjon må ein difor omstrukturera denne biten, seier Bjånesøy.

Journalist: May Linn Clement