nov 262014
 
Byttar ut Oslo med Austevoll?

Byttar ut Oslo med Austevoll?

Politisk rådgjevar i Nærings- og fiskeridepartementet Morten Storebø er Høgre sin ordførarkandidat ved neste års kommuneval.

Morten Storebø kan fort gå i bestefar Rikard og far Inge sine fotefar og verta ordførar i Austevoll kommune. Han vert Høgre sin ordførarkandidat, og bryter av kvardagen som politisk rådgjevar til næringsminister Monica Mæland for å driva den lokale valkampen. Kvifor undrar lokalavisa?
– Austevoll er ein kjempeviktig kommune, det ser eg godt frå jobben i Nærings- og fiskeridepartementet. Det er ein kommune med vekst og utvikling, og det vart rett og slett for vanskeleg for meg å takka nei då nominasjonskomitéen kontakta meg, seier Morten til Marsteinen.

Store utfordringar
Høgrepolitikaren var aktiv i lokalpolitikken frå 2003 til 2009, før han vart dåverande byrådsleiar Monica Mæland sin rådgjevar i Bergen. Utfordringane for Austevoll er mykje dei same i dag som den gongen.
– Den grunnleggjande utfordringa er kommuneøkonomien. Det er den som legg premissa for tenestene me kan levera. Det vert tøft økonomisk når me skal ta hand om lånekostnadane, kommenterer Morten og legg til at det òg vert ein krevjande valkamp når ingen av partia kan ta seg råd til å komma med store lovnadar grunna den strame økonomien.

Vanskeleg å forstå
Morten Storebø meiner det må framstå som vanskeleg for den jamne austevolling å hengja med på logikken til kommunestyret sitt fleirtal i mange viktige saker den siste tida.
– Ein hadde ikkje god nok økonomi til å ta vare på bygdeskulane – dette er trass alt ei av kjerneoppgåvene til ein kommune – medan ein altfor kort tid etterpå tek seg råd til å byggja basseng. Dei fleste vil ha ei intuitiv forståing av at eit basseng bør komma lengre ned på prioriteringslista enn skular, seier Storebø.
Ordførarkandidaten peikar òg på at skulesaka er døme på at prosessar i Austevoll har teke for kort tid.
– At ein i april har vedteke ein ting for så å komma til ein annan konklusjon over sommaren, indikerer at sakene ikkje er grundig nok førebudde, seier Storebø.
– Saker som dette angår mange og har mykje å seia for kommuneøkonomien, slår han fast.
Ein litt kjip måte å seia det på er at ein må laga planar, forankra desse og deretter styra etter dei, meiner Høgre-politikaren. Han viser til at brukarar og tilsette òg må verta høyrte i desse prosessane. På en andre sida må kommunen vera rask i saker knytt til dømes plan- og byggesak og den daglege kontakten med innbyggjarane.

Ikkje dekka bord
Valkampkoordinator og kommunestyremedlem Mons-Ove Hauge er uroa over pengebruken til fleirtalspartia for augneblinken.
– Skulle me få kontroll etter valet neste haust, blir noko av det viktigaste me kan gjera å få kontroll på utgiftene til kommunen. Per i dag vert det brukt for mykje pengar på investeringar, samstundes som det vert kommunisert at me har armslag for det, seier Hauge til lokalavisa.
– Me kjem nok for seint til bordet for å få bestemma noko av det som verkeleg er kjekt, seier Hauge og peikar på skulestruktur, helsesenter med meir.

Av Trond Hagenes