nov 272014
 

Per02
PORTRETT: Per har fått nok. Alle pillene han må svelgja for å fungera, tek livet frå han. Slik har det vore i altfor mange år. Han må avrusast, og gjer det frivillig.

Natur er som valium for sinnet, meiner Per Teigen. I over 20 år har han vore fri for angst og depresjonar.

Natur er som valium for sinnet, meiner Per Teigen. I over 20 år har han vore fri for angst og depresjonar.

Per Teigen veit kor mykje eit menneske kan skjula under huda. I fleire tiår levde han eit tilsynelatande normalt liv. Han hadde kone og barn, og var alltid roleg. Han sa ikkje så mykje, og store folkemengder prøvde han så best å skygga unna, men det var no berre slik Per var. Litt sær, kanskje.
I 1949 vart han fødd i Teigen, ein liten gut med medfødd astma. Barndommen var prega av sjukdommen, og særleg om nettene vakna Per av at han ikkje fekk pusta. Fyrst i tenåra kom det for ein dag at halmmadrassar, som han hadde lege på heile livet, var astmaen sin verste fiende. Madrassen vart bytt ut, og astmaen vart nesten heilt vekke.
Ungdomstida hans var god, og då han bikka 20 reiste Per i militæret.
Dei låg i ein torpedobåt ved Narvik då nestkommanderande la ein sjokkgranat bak ryggen til Per. Granaten har som oppgåve å skremma, og det var nett det som hende då han gjekk av.
Båten gjekk vidare nordover. Då dei nokre timar seinare var kome til Ramfjordnes, braut Per saman. Sveitta rann, kroppen fell saman og pulsen var på 200.
– Dei frakta meg til sjukestova, og to menn heldt meg attende då eg ville hiva meg ut vindauga etter luft. Eg kjende noko eg aldri før hadde vore borti: dødsangst.
Per vart stasjonert på land fram til han vart dimittert to månader seinare. Då kom han heim til Austevoll.
– Eg vart møtt av eit helsevesen som ikkje tok meg seriøst. Dei trudde ikkje på angsten, men meinte det var eit påfunn for å verta dimittert.
For å få ro i kroppen, fekk Per fyrst utskrive valium. Parallelt med pilleinntaket auka kjensla av angst. Sosiale settingar takla han dårleg, pulsen steig jo meir folk han hadde rundt seg. Redsla for å døy kom ofte og sterkt. Han fekk utskrive piller mot depresjon.
– Ingen skulle vita det. Eg ville vera far, mann og arbeidstakar, ikkje noko anna.

Les heile portrettet i Marsteinen på papir eller PDF.