des 032014
 
Utsynet er det nok ingen som klagar på frå høgdedraget ved Skansen.

Utsynet er det nok ingen som klagar på frå høgdedraget ved Skansen.

Ein treng ikkje lenger vera sprek ungfole for å lukta havet, høyra bårene marma mot Skansen og sjå lysa frå lykta på Marstein fyr. Turvegen frå parkeringsplassen ved Johannes Kalve-bysta er vorten kraftig oppdatert i år, og no kan òg rullestolbrukarar koma seg så og seia heilt ut til Skansen. Austevoll kommune legg opp til ein liten fellestur ut til det nye utsiktspunktet i løpet av månaden, opplyser folkehelsekoordinator Regina N. Vestrheim.