des 042014
 
Fiskerihamna på Salthella får allereie merksemd frå næringslivet, men korleis fordelinga av næring vert er enno uviss.

Fiskerihamna på Salthella får allereie merksemd frå næringslivet, men korleis fordelinga av næring vert er enno uviss.

Fyrste milepåle for moloen på Salthella er like rundt hjørna då vegen når holme nummer ein av tre, og næringsinteressentane byrjar å melda seg til varaordførar Edvard Johannes Stangeland.

Varaordføraren, som er kontaktperson for fiskerihamna i kommunen, har Oslo-visitt som neste post i programmet, der tidlegare ordførar i Austevoll og stortingsrepresentant Helga André Njåstad (Frp) vil drøfta brukspotensialet i hamna.
– Me vil jo sjølvsagt ha moloen og hamna open for ålmenta, og me ynskjer bilveg heile vegen ut på moloen, fortel Stangeland.

 Få det ferdig

Moglegheita for fritidsbåthamn i samband med fiskerihamna er ein av dei tinga som Stangeland no vil sjå på vidare i prosessen. Sjølv om fleire verksemder har ringt han og synt interesse for å etablera seg i den nye næringsklynga, er stolmaren ikkje viss på korleis næringsfordelinga vil verta når moloen er ferdig i desember 2015.
– Fyrst må me få ferdig moloen, og ha ei markering. Etter det kan me sjå om det vert butikkar eller kontor eller begge delar som kjem til Salthella.
– Me merkar allereie auka omsetnad i butikken, seier dagleg leiar på Mørenot Salthella. Sjølv om dei ikkje har noko konkret utvidingsplan verken for butikken eller nótverksemda, ser dei fram mot ein enklare kvardag der det vert lettare å yta service for skipa, og samstundes tryggare framtidsutsikter.

 På rette staden

– Midlane frå statsbudsjettet til utbygginga hadde aldri kunna gått til andre hamner enn Salthella. Dei var øyremerka frå fyrste stund, og alternativet var å ikkje byggja ny fiskerihamn i Austevoll, sikrar Stangeland på spekulasjonane om rette plasseringa av hamna.
– Dessutan må me ikkje gløyma at her låg allereie ein ferdig reguleringsplan for service og fiskerihamn, noko som kunne teke lang tid å få andre stadar.
Varaordføraren har òg vore i tale med Statens Vegvesen om å få oppgradert vegen mellom Hufthammar og Salthella til høgste nivå av fylkesveg, og såleis få utbetra trafikksituasjonen opp mot den forventa trafikkbelastinga.

~ Marius Løbø Fimland ~