des 042014
 
I kveld feirar Havfruene plateutgivinga i Kultursalen. Foto: Fotograf Eric Clement.

I kveld feirar Havfruene plateutgivinga i Kultursalen. Foto: Fotograf Eric Clement.

Eitt år tettpakka med julesongar går mot høgdepunktet. I kveld er det sleppfest for Havfruene si fyrste plate, Jul.

Då dei fleste var ferdige med julesongane i januar, heldt damene i Havfruene fram å øva på dei tradisjonelle tonane. I løpet av 2014 har dei vore fem gruppeturar til Norheimsund, der komponist og pianist Torgeir Kinne Solsvik har teke opp austevollstemmene i heimestudioet sitt. Han har spelt saman med koret ved fleire høve, og var den som fyrst byrja å leika med tanken om ei juleplate. No er skiva i produksjon, og no er 1 000 rykferske eksemplar kome til øyane og er klare for sal.

Tid gjev kvalitet
Å laga ei plate er ikkje gjort i ei handvend. Det kan Cathinka Krogness og Sissel Fagerbakke frå koret slå fast. Bak dei få minuttane det tek å lytta til ein låt, ligg det uhyre mykje tid og arbeid.
– Kvar song er det brukt minst to timar på å spela inn, berre for å få det perfekte resultatet. Kvar minste ulyd, kremting eller rørsle i kleda, gjorde at opptaket måtte takast på nytt, fortel Cathinka. I tillegg har Torgeir, som òg har produsert plata gjennom sitt eige produksjonsselskap Kinne Piano, hatt etterarbeid i fleire dagar per song.
Kvifor det nett er ei juleplate dei vel å gje ut, er damene klåre på.
– Julekonsertane våre er vorte ein tradisjon, og fleire seier at det ikkje vert jul før dei har høyrt Havfruene. No kan ein høyra koret når ein vil. Me har med songar som få andre kor syng, og på den måten skil me oss ut blant juleplatene.

Kostberr affære
Økonomisk er ein fordel å ikkje byrja plateinnspeling med ein tom konto, noko havfruene har teke lærdom av. For å finansiera produksjonen, har dei hatt ein basar og hanka inn sponsorar.
– Dei me har spurt, har sagt ja. Me er utruleg takksame for alle som har støtta oss fram mot utgivinga, seier Sissel. Det gjorde spesielt godt då Sparebanken vest ville støtta prosjektet med heile 25 000 kroner, og i tillegg kom med pizza til koristane.
Jul vert eit nasjonal utgjeving, og koret har sjølv tinga tusen eksemplar som vert å kjøpa her i Austevoll, fyrst på sleppsfesten i Kultursalen i kveld. Etter ein aperitiff vert det ein minikonsert med Torgeir på el-flygel og saksofonist Arild Aasprang, og rom for å mingla med havfruene.
– Det vert litt som opning av ei kunstutstilling, berre at her er det juleplata vår som skal visast for fyrste gong. Ynskjer nokon signering i coveret, vert det nok rom for det òg, skjemtar Sissel.

Annonse:
Koret Havfruene inviterer til
lanseringsfest og minikonsert.
«Jul» med Havfruene
Kultursalen på Storebø Skule
4. desember
Kl 18.00 og kl 20.00

Pianist Torgeir Kinne Solsvik
Saxofonist Arild Aasprang

Billetter i salg hos Statoil på Storebø og Amalie i Bekkjarvik.
Pris pr. billett Kr 250,-
Pris pr. CD «Jul», kr 200,-
(kun kontant betaling)