des 042014
 
Ved å flytta LNK frå kulturbudsjettet til kommunalbudsjettet er organisasjonen sikra ei vidareføring av løyvinga på 1,1 millionar kroner. Ordninga kom i stand etter eit forslag frå leiar i kommunalkomiteen Helge Andre Njåstad (Frp). FOTO: Andrea Øien Sæverud / NPK)

Ved å flytta LNK frå kulturbudsjettet til kommunalbudsjettet er organisasjonen sikra ei vidareføring av løyvinga på 1,1 millionar kroner. Ordninga kom i stand etter eit forslag frå leiar i kommunalkomiteen Helge Andre Njåstad (Frp). FOTO: Andrea Øien Sæverud / NPK)

Eit forslag frå Frp sikrar at Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) får pengar frå staten også neste år.

I det opphavlege budsjettforslaget frå regjeringa var det føreslått å kutte heile tilskotet til LNK på 1,1 millionar kroner på budsjettet til kulturdepartementet. Men ved å flytte LNK over til kommunalbudsjettet, blir det pengar i kassa likevel.
– LNK har vore eit viktig samarbeidsorgan for nynorskkommunar, og når det no såg ut til at dei kunne miste statstilskotet, måtte vi finne ei løysing for å ta vare på dette inn i arbeidet med kommunereforma, seier leiar i kommunalkomiteen Helge Andre Njåstad (Frp).
Njåstad er tidlegare ordførar i LNK-kommunen Austevoll og har vore ein pådrivar for løysinga. Budsjettvrien kom i stand etter forslag frå Frp og samarbeid med Høgre, Venstre og KrF i kommunalkomiteen.
Kommunereforma som vilkår
Når tilskotet no blir gitt over budsjettet til kommunaldepartementet, kjem det med eitt vilkår. Det er at LNK skal bidra i arbeidet med kommunereforma, særskilt med å ta vare på nynorsken inn i ei ny kommuneinndeling.
Tidlegare har Noregs Mållag kritisert kommunereforma for å kunne føre til ein sterk reduksjon av nynorskkommunar, noko som har skjedd ved tidlegare kommunesamanslåingar.
– Eg har sjølv vore ordførar i 10 år i ein medlemskommune i LNK og kjenner godt til arbeidet til organisasjonen. Når vi les rapporten Noregs Mållag har utarbeidd om kåra til nynorsken gjennom tidlegare kommunesamanslåingar, vil det vere viktig at LNK kan bidra til kommunereformprosessen slik at ønsket til kommunalkomiteen om å ta vare på nynorsken vert sett på dagsorden, seier Njåstad.
– Spennande føringar
Dagleg leiar i LNK Vidar Høviskeland er letta over at det etter eit par månader i uvissa er klart at organisasjonen får den same løyvinga som før. Han ser ikkje mørkt på vilkåra som kjem attåt.
– Pengane kjem med føringar om at vi skal gi råd om kommunereforma, og det synest vi er veldig greitt. Det er noko vi har jobba med lenge og er opptekne av. Vilkåra vil derfor truleg ikkje utgjere så stor forskjell i det daglege arbeidet vårt, seier han.
Høviskeland viser til at kommunereforma kan få store språkpolitiske konsekvensar, til dømes i områda rundt dei store byane på Vestlandet. Men dersom ein heller slår saman nynorskkommunane rundt desse byane, vil ein kunne ende opp med ein stor og slagkraftig nynorskkommune.
– Vi er ikkje så opptekne av talet på nynorskkommunar, men at dei er store nok til å kunne påverke sin eigen språkpolitikk. Det blir derfor spennande å få lov til å gi råd til departementet om dei språkpolitiske føringane, seier han. (©NPK)