des 112014
 

Diing gjennom sprinkler
I år kan eg prisa meg lukkeleg over at grisen eg et fyrste juledag, har hatt eit svinaktig godt liv.

Tynnribbe til 29,90 kiloen. Svimlande 29,90! Høyrer du? For eitt heilt kilo!
Det er noko muffens når denne delen av svinet er så grisebillig, år etter år.
Høgt kvantum pressar ofte prisane. Men høgt kvantum pressar òg levekåra.
I Noreg produserer me årleg 1,5 millionar grisar fordelt på rundt 3 000 gardar. Grisane vert plasserte i bingar på mellom ti og tolv dyr, og går vanlegvis utelukka på betonggolv og tyggjer kraftfôr fram til dei når slaktevekta på om lag 100 kilo. Då er dei mellom fire og seks månadar gamle.
Ein gris på mellom 50 og 85 kilo har etter norsk lov krav på å ha 0,65 rutemeter å boltra seg på. Den tronge plassen gjer at grisar ikkje får utlaup for det naturlege aktivitetsbehovet sitt, og dei kan verta både frustrerte og aggressive. Å bita kvarandre i halen er eit typisk utbrot. Ofte vert han gnegen heilt av.
Purkene her lands skal helst vera magre og produktive, og det er vanleg at ho får over tolv grisungar i kvart kull. For at dei ikkje skal kunne skada kvarande eller mora i kampen om spene, er det heilt lovleg å fila ned hjørnetennene deira.
Tida før fødselen har purka eit sterkt behov for å byggja reir til barna sine, og gjer det instinktivt med det vesle som måtte vera av halm i bingen. At ho ikkje strekk til gjer purka stressa, og ho klarar ikkje å vera ei god mor. Nokon legg seg difor oppå ungane sine etter fødselen, og tek såleis livet av dei. Men òg her har svine-Noreg er løysing: Det er fullt lovleg å spenna purka fast i ei metallramme medan ho fødar, og lata henne stå der i opptil éi veke etterpå. Griseungane diar gjennom metallsprinklane.

Fryd på Stolmen
Det er eit fåtal av grisar i Noreg som i løpet av livet sitt får trakka i ekte jord utandørs.
Ynskjer du sjå gleda ein gris viser ved å vera ute, rådar eg å ta ein tur til Emmanuelle ved Stangeland gjestegard. Dei få grisane hennar deler ei romsleg binge inne i den nye stallen, og får saman med kalvane vera ute kvar einaste dag. Med det same dei kjem ut, spring og hoppar dei, og slengjer rumpa til vêrs – det er morosamt å sjå korleis dei frydar seg. Grisane kjem til deg som hundar, og slappar av når du klappar dei rundt hovudet. Spring du, vil dei gjerne vera med på leiken og kjem byksande etter.

Heldiggrisar i Rogaland
I Noreg er det 19 gardar som driv med godkjent økologisk drift av gris til slakting. Ingen av desse er i Hordaland, og berre éin er i nabofylket Rogaland. Ved Solbakken økologiske gard på Randaberg utanfor Stavanger går grisane ute på beite sommartid, og om vinteren kan dei nytta utandørs luftegard med dei vil. Dei har alltid moglegheit for å gå under tak. Grisane et alt av mat og grøntavfall dei produserer ved garden, men som ikkje er eigna til sal. I tillegg får dei gamle økologiske bakevarer, og korn spesielt dyrka for grisar. Noko innkjøpt kraftfôr får dei òg – økologisk sjølvsagt.
I haust vart fem av grisane slakta, noko som gav ei total slaktevekt på rundt 400 kilo. Ferdigforedla kjøt kan kjøpast direkte frå garden, i pakkar med 1/4 gris i kvar (18-24 kilo). Prisen er 135 kroner for kiloen.
Som regel vert alle pakkane selte ut same dagen som dei kjem att frå slakteriet, så det gjeld å fylgja med på datoane, og reservera seg ein pakke i god tid. Dette var eg så heldig å få gjera i år, og den 4. desember køyrde svigermor frå Jæren og henta dei 20 kiloa våre.

Respektlaust
Med låge prisar missar ein respekt for produktet. Det er ikkje så farleg om ribba for 29,90 går ut på dato og vert kasta, det er jo berre til å kjøpa ei ny. Og ein kan i alle fall hamstra når Bunnpris reklamerer med supertilbod på 20 kroner kiloen.
Ja til at alle grisar skal få nytta energien sin til å springa utandørs, grava med nasen i jorda og leggja seg i gjørme når sola steiker om sommaren. Om så det kostar meg litt ekstra for kiloen.

May Linn Clement