des 112014
 

Hest2
Høy, gulrøter, saft og julegraut. Med ein slik meny veit du at det er juleavslutting i stallen til rideklubben …

Det går mot klassisk vestlandsjul. Råkaldt, tid for å leita fram ullundertøy og fôra regnklede, her og hanskar. Det hadde vore kjekkare med kvitt. Kanskje rideklubben hadde hatt ein slede å spenna på ein av dei firbeinte, staselege skapnadane i stallen sin?
Lokalavisa går slett ikkje rundt grauten, og togar inn i det heilagaste. Rett nok er det ikkje noko jesusbarn i krybba, men så rikeleg med høy at hestane slett ikkje er interesserte i å lukta verken på kamera eller journalist.
– Hei, det er ei her som ikkje har seld ut den siste sida i loddboka si. Den må jo du ta, fastslår eldsjel Birgitta Norberg. Som sagt så gjort, og med vinnarsjansar til både pizza og middag på gjestgjevarstaden, vandrar eg vidare i eimen av stall, i blanda lukt av kanel og julegraut.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.