des 112014
 
Lykter og lys ser ut til å vera ein gjennomgåande raud tråd i gåveavdelingane på dei ulike butikkane i Austevoll, men Birgit på Joker Stolmen held ein knapp på ulltøy likevel.

Lykter og lys ser ut til å vera ein gjennomgåande raud tråd i gåveavdelingane på dei ulike butikkane i Austevoll, men Birgit på Joker Stolmen held ein knapp på ulltøy likevel.

Så kva gjer han då, gubben på julaftan, når han ser at det framleis er 1000 kroner att på konto, sjølv om gåvene er kjøpt inn, og han kjem på at han har gløymt den viktigaste til slutt?

Julehandelen i Austevoll burde vel byrja i juni og porsjonera seg jamt, men realiteten er ein ganske annan. For få år sidan var haldninga at dei siste presangane, dei som me har gløymt, tek me lokalt, medan mengda tek me på Lagunen og i Bergen. I dag kan butikkane melda om ei ganske anna trend, og som forbrukar er ikkje konfekt på Statoil´en lenger einaste naudløysing. Heldigvis.

Bilvask og duft
– Ikkje Flax-lodd. Det er ikkje populært, ropar Statoil-styrar Svein Arne Kalvenes, og den kvinnelege motparten i butikken ser seg samd med eit smil. Lena Bjorøy konstaterer at det er ein gjeng – ikkje same gjengen kvart år – som er venta i gåveavdelinga når det bikkar julegraut.
– Pynt. Dei fleste damer likar pynt veit du, ler ho. Lysestakar, lykter og duftlys er dei gode på, og Bjorøy har sjølv kvalitetssikra dei mot for påtrengande duft: Mjuke og milde er tingen. Elles er bilvask ein vinnar, skjønt gjerne ikkje til kona.
– Det går nok mest i slike til hunden frå katten-gåver. Heldigvis.
Butikken, i sær gåveavdelinga, har ikkje kjent på noko negativ utvikling i form av lekkasje, men som dei seier så ser dei jo frå vindauga kor mange pakkar Posten leverer inn til filialen på Rimi. Trikset er gjerne å ha varer ein ikkje får over internett, forutan å yta den ekstra sørvisen, då.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.