des 112014
 

Cover renate kuttar
Ti månader etter det i kommunestyret vart vedteke å nytta 11,6 millionar kroner på ny brannstasjon, vart bygget i går opna. Dette er den fyrste brannstasjonen Austevoll kommune har bygd.

I tillegg til ein topp moderne brannstasjon, husar det nye bygget i Porsdalen heile den kommune avdelinga for utbygging, drift og vedlikehald (UDV). I andre høgda er mellom anna kontorlokale, og såleis er både brannsjef John Levi Weløy, feiarane Lars Bu og Frode Hole, og UDV-leiar Lars Erling Horgen flytta ut frå kommunehuset på Storebø og inn under same tak i Porsdalen.
– Me har vore opptekne av å få samla alt av beredskap på same golv, sa Weløy, som meiner at lokalpolitikarane landa på det beste forslaget då dei 4. februar vedtok å reisa stasjonen innan ei kostnadsramme på 11,6 millionar kroner.
Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) fortalde under opninga at det aldri var tvil om at ein brannstasjon måtte på plass, men at det var ulike meiningar om summen. For om lag eitt år sidan sto lokalpolitikarane att me tre forlag til summar: 4 millionar, som ville rekkja til ein ny garasje, 7,2 millionar, som òg ville romma gode garderobar for både brannvesenet og UDV, og 11,6 – som altså resulterte i dagens bygg.
– Eg er utruleg glad for at det var dette me landa på. Når me fyrst gjer noko, skal det vera skikkelig. Det var ikkje mange millionane som skulle til for å få eit godt beredskapsbygg, sa ordføraren i opningstala si. Ingeniør Eivind Suphammer fekk ros for å ha klart å helda prosjektet innanfor kostnadsrammene.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.