des 152014
 
Ordførar Renate Møgster Klepsvik delte ut gründerprisen til Tor Mikal og Sten Terje Østervold i dag.

Ordførar Renate Møgster Klepsvik delte ut gründerprisen til Tor Mikal og Sten Terje Østervold i dag.

Med utspring i Steinavika på Selbjørn har verksemda ECOsubsea utvikla banebrytande teknologi for å reinsa skipsskrog under vasslina for groe. Dette gjer dei ved hjelp av ein innretning som verksemda sin Petter Smart, Tor Mikal Østervold, omtalar som å slå plen med grasklyppar og oppsamlar bak.

I dag fekk verksemda, som så langt har Southampton i Sør-England som den faste basen sin, utmerkinga gründerprisen frå Austevoll kommune. Saman med ein flott inngravert tulipanvase, fylgde òg eibn sjekk på 20 000 kroner.

– Det er ei unik drivkraft i Austevoll. Ståpåvilja frå fiskeria har smitta over på innovasjon. Når me snakkar med folk i internasjonal shipping er det spanande å sjå kor djupt forankra selskap som til dømes Dalseide Shipping Services er, seier Tor Mikal til lokalavisa. Prisen mottok kan saman med far Sten Terje Østervold, medan veslebror Klaus Østervold ikkje kunne stilla.

Teknologien til ECOsubsea bidreg til økonomisk og miljøvenleg vinst. Berre for Maersk sine konteinerskip er det effektiv fjerning av groe sparte pengar til redusert bunkersforbruk for astronomiske summar.

 

Av Trond Hagenes