des 162014
 
Faksimile av matguiden White Guide Nordic, som kom ut i går.

Faksimile av matguiden White Guide Nordic, som kom ut i går.

Den danske matguiden White Guide gav denne ut veka ein vegvisar til dei 250 beste restaurantane i dei nordiske landa. I Noreg er Bekkjarvik gjestgiveri plassert på ein smått utruleg åttandeplass. Marsteinen var til stades som ei hoppande glad Asta Johannessen fekk vita om plasseringa.

– Me er masterclass, nummer åtte blant dei norske restaurantane, sa ho og gjekk inn på kjøkenet det der vart skikkelege hurrarop hos dei tilsette. Les meir om den sterke omtala i avisa på torsdag.