des 172014
 
Milian, Josh, Nathasha, Martin og Hanna selte i dag vaflar og kaffi til inntekt for syriske flyktningar.

Milian, Josh, Nathasha, Martin og Hanna selte i dag vaflar og kaffi til inntekt for syriske flyktningar.

I dag har fem elevar ved Møkster skule selt vaflar på den lokale butikken til inntekt for ullteppe til flyktningbarn frå Syria.

Elevane på Møkster har tradisjon å ha bygdekafear i gymsalen, men då til inntekt for aktivitetar som kinobesøk eller byturar for elevane sjølve. I dag flytta dei kaféen ned til butikken ved kaien, og flytta samstundes målet for inntektene.
Då Raudekrossen for litt sidan kom med ein kampanje som går ut på å betala 120 kroner til innkjøp av to teppe til syriske flyktingar, var elevane klåre på at det var dét kaféinntektane før jul skulle gå til.
– Dette er eit resultat av at elevane har fylgd med på nyhende, og har sett bilete av familiar som bur i fjella og har det spesielt kaldt når vinteren og snøen kjem, fortel rektor Mona Mørk. Ho legg til at kampanjen til Raudekrossen, med eit så konkret mål som teppe til kalde flyktningar, var appellerande for barna. Etter avslutta kafé i butikken, kunne dei ikkje berre rekna seg fram til summen, men òg kor mange teppe dei hadde tent til. 25 vaflar, 15 kaffikoppar, 240 kroner i tips frå kundane og med overskotet etter juleavsluttinga førre veke, var resultatet 1 200 kroner i kassa. Omrekna i varmande valuta vart dette 20 ullteppe til flyktningbarn i Syria.