des 182014
 

Bestemor
Jaudå, eg hugsar Holger godt, eg. Han var her ute mykje. Men eg tala aldri med han.

Ein mann, mest utan klede, snublar nedetter Torgalmenningen i Bergen ein vinterdag på femtitalet. Han har lange diskusjonar med seg sjølv, og ropar mellom andre på både Skaparen og sonen. Bergensarane vegrar seg på å møta blikket hans, og går omvegar rundt han. Mannen heiter Holger Engebø, og tek snart inn på nervesanatorium, der han vil vera like til han forgår.

Eg tok opp pennen ein gang i vinter, og ville skriva om kunstnaren Holger Engebø. Han som har teikna utallige teikningar av tun og folk på Stolmen, han som alle trur hadde familie på Stolmen, han som berre forsvann ein gang på 50-talet.
Puslespelbetane om Holger er diverre få, og mange dei som hadde med han å gjera er for lengst vekke. Like framt finst det eit vell av måleri, teikningar og til og med hoggingar i stein som lyt fortelja historia om kunstnaren, som hadde sitt mest aktive virke på Stolmen.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.