des 182014
 
Nikolai Njåstad (20) var tolv år då han spikka den fyrste kniven sin. No er mini-knivar – med treblad – til nevøane hans dei viktigaste produkta han lagar.

Nikolai Njåstad (20) var tolv år då han spikka den fyrste kniven sin. No er mini-knivar – med treblad – til nevøane hans dei viktigaste produkta han lagar.

Som gutunge fekk Nikolai Njåstad (20) ein liten sjølvspikka kniv i gåve av onkelen sin, Normann. No fører han tradisjonen vidare, og lagar mini-knivar – med treblad – til sine eigne nevøar.

I eit vitrineskap på guterommet heime på Hundvåkøy står koppar, skåler og krukker tett i tett. Alt er forma frå tre som Nikolai har dreidd sjølv.
– Eg har fått ein del hjelp frå naboen min, Erling Taranger. Det var han som lærte meg å dreia. Det byrjar å verta nokre år sidan no, seier 20-åringen. Innimellom treprodukta ligg forskjellige knivar i skinnslirer. Det er dét Nikolai i grunnen likar best, å laga knivar.
Han var ikkje gamle karen då han byrja å fatta interesse for onkelen sin store lidenskap, og gjekk nær sagt i lære hos han.
– Her er kniven eg fekk av onkel Normann då eg var liten. Eg hugsar det ikkje sjølv, men har fått høyra historia mange gongar: At den eldre bror min fekk kniv fyrst, gjorde meg visst veldig sinna. Difor måtte onkel berre skunda seg å verta ferdig med min òg, fortel Nikolai og viser fram den vel handsama reiskapen.
Tolv år gamal spikka han sjølv sin fyrste skikkelige kniv. Sidan fekk han blod på tann.
– Kor mange eg har laga? Nei, eg har kome ut av teljinga for lenge sidan.
Knivane lagar han som gåver, men det er òg råd å kjøpa seg ein skarping signert N.N.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.

Barneknivar

Kniven til venstre laga Normann Njåstad til Nikolai på 1990-talen. Den andre har Nikolai laga til nevøen Theodor.

Kniv til Jonathan

Jonathan på berre nokre månader, kan venta seg ein kniv i skrin frå onkel Nikolai til jul.

Dreiing

Vert det noko svinn når du held på? – Ja, diverre har om lag like mykje som eg har laga, gått i omnen, seier Nikolai. Dreiing har han lært av naboen Erling Taranger.

Bandsag

For nokre år sidan kjøpte Nikolai seg bandsag. Den nyttar han i fyrste ledd av knivproduksjonen.