des 182014
 
Det er ikkje noko prisstigning på vatn frå Austevoll vatn og avløp i 2015.

Det er ikkje noko prisstigning på vatn frå Austevoll vatn og avløp i 2015.

Verken Austevoll vatn og avløp eller moderverksemda Austevoll kraftlag set opp fastprisane til abonnentane sine i 2015.

– Det er tredje året på rad at abonnentane på vatn ikkje får auka i dei faste prisane sine, seier administrerande direktør Geir Bergflødt i Austevoll kraftlag til lokalavisa. Årsaka er i fyrste omgang ei stadig tilstrøyming av vasskundar. Bustadskompleks i Bekkjarvik, bustadfelt med åtte nye einingar, hytte på Skår er alle dråpar som fyller opp kostnadsglaset som skal delast på alle kundane. Grovt rekna er det kome til om lag 100 nye vassabonnentar kvart av dei siste åra. Totalt ligg no talet på vassabonnentar på 2 200, medan det er 800 som er kopla på avløpsrøya til AVA.
I reine kroner betyr det at ein vasskunde betalar 3 540 kroner i den faste delen, og ein forbruksdel på 2 670 kroner i året. For naust, fritidsbustadar og hytter gjeld eigne takstar. For avløp er prisen like i underkant av 5 000 kroner i 2015 for ein einebustad.
Òg for straumkundane er Bergflødt glad for at nettleiga vert uendra, men han understrekar samstundes at felles administrasjon og innkjøp mellom AVA og kraftlaget gjev reduserte kostnadar ut til forbrukar.
– Me har heilt klart effektiv drift, meiner Bergflødt.

Trond Hagenes