jan 082015
 
Kattepina i Austevoll har gjeve positive ringverknadar, men ikkje takka være kommunen i fylgje Dyrebeskyttelsen Norge og Inger Johanne Graff. Foto: Arkiv.

Kattepina i Austevoll har gjeve positive ringverknadar, men ikkje takka være kommunen i fylgje Dyrebeskyttelsen Norge og Inger Johanne Graff. Foto: Arkiv.

Etter raida til Dyrebeskyttelsen Norge i haust, der eit 20-tals villkattar vart samla opp og køyrte til veterinær, har ein handfull fått seg ny heim, og den lokale dyrlegen kjenner auka pågang.

Tre kattungar døydde til slutt, trass i akutt medisinsk handsaming for mellom anna lungesvikt, og tre overlevde med god helse. I tillegg kjem dei nokon-og-20 vaksne kattane som vart frakta til Tertnes og helsesjekk, mikrochip-merking, vaksinering og sterilisering. Rekninga? 139 505 kroner.

Krevjande oppgåve
– På det jamne er folk i Austevoll flinke til å sterilisera kattane sine, fortel veterinær Karen Rydland Sæbø frå kontoret sitt på Storebø. Vaksineringa har derimot rom til forbetring frå katteeigarane si side, medan pågangen på å få kattane sine merka med mikrochip auka monaleg etter katteoppryddinga i haust.
– Me opplever til og med at folk samlar inn villkattar, temjer dei og betalar for vaksine og sterilisering frå eiga lomme. Folk er flinke til å bry seg, meiner dyrlegen.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.