jan 082015
 

makrell og raud hanske
Både for fiskeri og havbruk er låg kronekurs, som kjem i kjølvatnet av krakket i oljeprisen, gode nyhende.

Denne veka sakk oljeprisen under 50 dollar fatet, og den norske krona har svekka seg markant mot både amerikanske dollar og euro sidan det dramatiske fallet. Medan delar av det lokale næringslivet har retta aktiviteten sin mot oljenæringa, slår både prisfallet på olje og den låge kronekursen positivt ut for mellom andre fiskarane.
– Me kjenner oss som om me er til stades i ei gravferd, der me ikkje har lov til å smila, konkluderer reiar Inge Halstensen om fallet i oljeprisen og pessimismen som spreiar seg i mange delar av næringslivet.
– Ein reduksjon på bunkersprisen på 1,50 krone per liter vil til dømes ha særs mykje å seia for oss. Dessutan blir 90 prosent av det me fiskar selt til utlandet i valuta som krona no har svekka seg mot, det er òg positivt for fiskerinæringa.

Godt for AUSS
På Alfabygget ser administrerande direktør Arne Møgster i Austevoll Seafood òg positivt på kronekursen.
– Hovudbiletet er at den svekka krona slår positivt ut for konsernet vårt, men når det er sagt fokuserer me drifta og strategien vår mot dei forholda me sjølve kan gjera noko med, seier Møgster til lokalavisa. Fiskeeksport gjev rett som det er uføresette utfordringar, og dermed er fleksibilitet eit nøkkelord.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.