jan 082015
 

Austevoll kommune og næringslivet som i spleiselag har delfinansiert drifta av b-ferja mellom Hufthamar og Krokeide set ned foten. I dag har ordføraren sendt brev til fylkeskommunen der ho stoggar desse utbetalingane på dagen.

Kommune og næringsliv følar at dei ikkje er voret høyde i ferjasaka, og vil ikkje betala meir for b-ferja som trafikkerer Hufthamar - Krokeide (arkivfoto).

Kommune og næringsliv følar at dei ikkje er voret høyde i ferjasaka, og vil ikkje betala meir for b-ferja som trafikkerer Hufthamar – Krokeide (arkivfoto).

Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) rasar etter at administrasjonen i Hordaland fylkeskommune ved samferdsleselskapet Skyss har vedteke å nytta opsjonen med FosenNamsos Sjø AS, som fører til at ferjene frå selskapet kjem til å trafikkera Austevoll-sambanda i eitt år til.
– Austevoll kommune har, ved ordførar og næringslivsrepresentantar, lenge arbeidd for at denne opsjonen ikkje vert nytta. Dette fordi kontraktsgrunnlaget slik det er i dag, diverre ikkje er haldbart for Austevoll kommune sine innbyggjarar og næringsliv. Dette går på tryggleiken til innbyggjarane laus, og næringslivet har altfor lite føreseielege råmer. Dette har vore tydeleg bodskap frå Austevoll kommune i både møte og skriftleg korrespondanse med Hordaland fylkeskommune, skriv ordføraren til fylkeskommunen. Næringslivet, som har betalt millionar av kroner på årleg basis for b-ferja, er ikkje lenger villig til å betala for eit tilbod som dei ikkje føler hald vatn.

Skuffa Møgster
Næringslivstopp Helge Møgster er djupt skuffa over ferjesituasjonen og bruken av opsjonen, og seier at det får store ringverknadar for vidare pengebruk i Austevoll.
– Det er ei rekkje investeringar me no ikkje kan til å setja i gang med, rett og slett fordi tilbodet i dag ikkje er godt nok. Eg orkar ikkje å betala meir for b-ferja, når me absolutt ikkje vert lytta til av fylkesadminstrasjonen, seier Møgster til Marsteinen.
Møgster gav i fjor klart uttrykk for at ei stor investering i laksepakkeriet på Storebø var avhengig av nytt stabilt ferjemateriell allereie frå årsskiftet 2016-17.
– Viss me ikkje får det på plass innan 1. januar 2017, ser eg svart på framtida til verksemda, sa Møgster til toppleiinga for Skyss og fylkeskommunen sin samferdselsleiar.
I dag seier næringslivstoppen det rett ut.
– Eg stolar slett ikkje på det som vert sagt frå fylket sin adminsistrasjon lenger, og det vert dermed særs vanskeleg å driva samfunnsutvikling her ute. Dei bryr seg rett og slett ikkje om Austevoll, konstaterer han.

Av Trond Hagenes