jan 102015
 

I samband med det pågåande ekstremvêret vil politiet og dei andre naudetatane komma med litt informasjon.

I utgangspunktet er det dei vanlege naudnumra som skal nyttast. Når slikt vêr herjar hender det at straumen vert borte, samband/telefoni fungerer ikkje, bruer og vegar vert stengde, osv. Dersom ein slik akutt situasjon oppstår, og t.d. ein ikkje kjem fram via vanlege kanalar, gjeld fylgjande:

-Lækjar vil vera til stades på både Bekkjarvik og Storebø lækjarkontor. Folk kan ved alvorleg sjukdom venda seg direkte dit.
-Den nye brannstasjonen i Porsdalen vil verta bemanna, og folk kan venda seg dit med andre naudmeldingar/trong.

Utover dette oppfordrar vi folk til å halda seg heime og inne så lenge været er på sitt verste. Sørg for at det ikkje ligg lause gjenstander ute som kan vera til fare. Ha mobiltelefonen opplada, og ha gjerne ei lommelykt tilgjengeleg.