jan 112015
 
Kraftig vind har snudd ein smikkfull søppelkonteiner 180 grader rundt sin eigen akse, og kasta ein lastebilhengjar over ende ved Austevoll kraftlag.

Kraftig vind har snudd ein smikkfull søppelkonteiner 180 grader rundt sin eigen akse, og kasta ein lastebilhengjar over ende ved Austevoll kraftlag.

I fylgje Hege Lauvik i Austevoll kraftlag er det berre nordre delar av Huftarøy og garden Austevoll på Hundvåkøy som enno ikkje har fått att elektrisiteten sundag kl 15:30.

På Rostøy har eit fiskefartøy gått ned ved kai. Gje Marsteinen tips via Facebook-sida vår, e-post til redaksjonen@marsteinen.no eller SMS til 98874 253 om skadar frå storstormen Nina.