jan 152015
 
Teikning av eit av flya som vart skote ned over Austevoll for 70 år sidan i dag. I flyet sat flygar Morton Moncrieff og navigatør C. Cash.

Teikning av eit av flya som vart skote ned over Austevoll for 70 år sidan i dag. I flyet sat flygar Morton Moncrieff og navigatør C. Cash.

I dag er det 70 år sidan det som vart verdskrigen sitt nest største flyslag, målt i talet på drepne flygarar, gjekk føre seg over Stord og Austevoll.

Desse falt i luftkampen:

Allierte tap:

Cdt M.J.M. Guedj aka «Maurice» K/143
Flt.Lt. J.E Langley K/143
FS G.A Morton Moncrieff D/143
FS. C. Cash D/143
Lt F.E Alexandre (USAAF) V/143
Plt off J.AS. MacMullin V/143
FS F. Chew A/235
Kvartermester Kåre O. Sjølie R/333

Kvartermester Ingvar S. Gausland R/333

 

«Maurice» var ei legende i Frankrike, og har fått ein stor open plass i midten av Paris oppdøypt etter seg. Han vart aldri funnen, men fekk truleg kvilestaden sin ein stad i Møkstrafjorden. Dei britiske flya var konstruerte av tre (!) og restane av flya er difor ikkje komne over i djupet.

 

Tyske tap:

Uffz. Oskar Helbing, Weiße 14

Uffz Richard Lehnert, Weiße 16

Uffz Waldow Zeuner, Weiße 4

 

Helbing sitt fly vart skote ned og naudlanda ved Melingsvarden på Hundvåkøy. Piloten døydde av skadane han vart påført. Weiße 16 med Lehnert vart gjekk i sjøen ved Tovene nær Fugløy, der piloten til slutt flaut daud opp til overflata.