jan 192015
 

Lada med barnemat, videokamera og svigerinne på produksjon fyrte Marit Sofie og Ove Bruntveit av ei uvanleg kunngjering. Termin: 3. august.

Videoen, som sjølvsagt gjekk til dei næraste fyrst, er utforma som ein skrekktrailer i Paranormal Activity-sjangeren, og ideen fekk Bruntveitane i fellesskap.
– Innspelinga tok berre eit par timar, faktisk, fortel Ove, skjønt nedvasken etterpå tok si tid òg.
– Det er ikkje blod som sprutar på skjorta til Marit Sofie, men blåbærdessert for barn. Og dei tre fyrste kasta gjekk rett i veggen.