jan 222015
 

aslaug og asgeir02
PORTRETT: For 44 år sidan endra livet til Aslaug Sivertsen (86) seg totalt. Ho ville aldri vore forutan yngsteguten Asgeir.

I 1970 vart Aslaug gravid for siste gong. Ho var 41 år, og mange meinte ho var for gammal til å få barn. Grunna alderen og at det oftare førekom misdanningar når mor var oppi åra, vart ho tilbudd abort, og fekk fjorten dagar på seg til drøfta dette med familien.
– Det var i grunnen ikkje noko å tenkja på. Eg hadde ikkje klart det.
9. januar 1971 vart barn nummer sju i rekka fødd, heime i huset på Austevollshella. Då Aslaug fekk den vesle guten opp til seg, såg ho at trekka i andletet var annleis enn hos dei seks fyrste barna hennar.
– Eg bad sjukesøstera om å henta inn Guttorm, og spurte han om ikkje han òg meinte at andletet var litt spesielt. Jo, han såg det han med. Der og då var det som om me fekk ei kraft over oss; dette skulle me klara.
Sidan denne dagen var Asgeir vore nummer éin i augo til foreldra sine.

Les heile portrettintervjuet med Aslaug i Marsteinen på papir eller PDF.