jan 222015
 

Henrik
Henrik Veivåg (55) er meir i kyrkja enn presten. Meir enn klokkaren og organisten. Kanskje meir enn kyrkjerottene til og med. Men det pussige er at han veit ikkje heilt om han trur.

Blomeseljaren Sigrun Blindheim parkerer utanfor kyrkja i Bekkjarvik, og lastar med seg det ho maktar av bukettar og oppsatsar. I døra vert ho møtt av Henrik Veivåg – olja i kyrkjemaskina. I dag er det gravferd, og arbeidsantrekket er dress og slips.

Omstille
– Folk flest tenkjer gjerne at ein dress er noko ein veks i frå, ikkje slit ut. Men med 60 gravferder i fjor kan eg skriva under på at knea og olbogane vert slitne, smiler Veivåg. Han fekk den nyoppretta stillinga som vaktmeister, altmoglegmann og kyrkjetenar for kyrkjene i Austevoll i fjor. Sidan den gongen har han klypt kyrkjegarden i bar overkropp, jamna graver, teke i mot brurepar i kyrkjedøra, samt klokka sin eigen bror til siste kvilestad.
–Ein skulle tru det var keisamt arbeid her i kyrkja, men det er det aldri.
I byrjinga tykte Henrik det var vanskeleg å ikkje lata seg riva med i sorga under gravferdene, men han utvikla snart ein stoisk profesjonalitet til yrket. For fallhøgda er stor når kjende og kjære skal gravleggjast, og Henrik legg stor stoltheit i å gjera jobben godt. Som til dømes å ikkje stilla potteplanter ved alteret.
– Det er mykje som skal lærast for ein som har vore 22 år i offshorebransjen, ler han.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.