jan 222015
 
El-gitar er den store lidenskapen til 15-årige Vincents frå Veivågen.

El-gitar er den store lidenskapen til 15-årige Vincents frå Veivågen.

Gitar, data, trening – i den rekkefylgja. Vincents Veivåg har dårleg med tid til andre ting på fritida, men det gjer ingenting.

Det er gitaren som får tida til Vincents. Eller snarare gitarane, for i kjellarstudioet er ein heil vegg full, og snart må han utvida.
– Eg spelar til eg får vondt i fingrane, og så er det rett på att dagen etter, ler han. Kvifor han vert så hekta veit ikkje han heilt, men at shredding inspirerer er det ikkje tvil om.
– Når eg ser eller høyrer nokon spelar noko kjapt og vanskeleg, må eg prøva det sjølv.

Ein til spel, ein til lytt
Mange av gitaristane Vincents hentar inspirasjon frå lagar ikkje musikk som han ville lytta til elles. Fusion-jazz, indierock og pop kjem langt ned på lista.
– Dei er flinke å spela, men eg lyttar heller til gamal tungrock som Black Sabbath eller moderne metall.
Den fyrste gitaristen som verkeleg fengsla Vincents, og som ein kan trygt seia han fekk eit oppheng på, var Ozzy Osbourne sin strengmaskin Zakk Wylde. Kombinasjonen musikalitet og teknikk fekk Vincents til og med til å kjøpa ein signatur-gitar, designa av Wylde.
– Men eg kjem ikkje til å kjøpa fleire signaturutgåver. Eg vil vera min eigen mann, ikkje spela under andre sitt namn.

Affeksjonsverdi
Gitarinteressa byrja ikkje med fyrste gitaren, men den andre.
– Eg fekk ein gitar to julaftnar på rad. Den fyrste var av ein billeg sort, ein startpakke, medan den andre var meir skikkeleg. No klarer eg ikkje selja nokon av dei, for det er for mykje historie i kvar gitar.
Det var faktisk eit klipp av ei lita jente i videoen This Is It av Michael Jackson som inspirerte Vincents til å plukka opp gitaren for alvor, der ho benda og spelte som ein vaksen.
– Det var skating og hip-hop det gjekk i før det. Brått skifta eg til tungrock, og no orkar eg ikkje høyra på hip-hop lenger.
Gitarspelinga er mest som ein sport, der den einaste konkurrenten er han sjølv. Sjølv om moderne rock og metall er gitarfokusert, var det 70- og 80-talet som var storheitstida til gitaristane.
– Eg er født 20-30 år for seint, det er heilt sikkert!

Av Marius L Fimland