jan 222015
 
Denne jentene er komne til kvartfinalen i Europacup for volleyball.  Biletet er teke ved ein photoshoot til ein kalender, og Kamilla er nummer tre frå høgre. Foto: Fotograf Andreas Buarø.

Desse jentene er kome til kvartfinalen i Europacup for volleyball. Biletet er teke ved ein photoshoot til ein kalender, og Kamilla er nummer tre frå høgre. Foto: Fotograf Andreas Buarø.

Stod Volley er historiske. Som fyrste norske volleyballag nokon sinne, er dei kome til kvartfinalen i Europacupen. – Sjukt nervepirrande! seier Kamilla Dale til Marsteinen.

Det var på hengande håret at Stod Volley, elitelaget der Kamilla Dale (22) spelar, kom vidare til kvartfinalen i Europacupen i dag. Etter tre set med siger til Azerrail i Baku, Aserbajdsjan, leia heimelaget 3-0 over dei jentene på Stod. Men då resultatet var tilsvarande motsett i Stodhallen førre veke vart det difor ekstrarunde, eit såkalla Golden set, der vinnaren av omgangen vinn heile kampen. Her henta Stod seg inn att, og resultatet vart 18-16.
– Det var sjukt nervepirrande å sjå på! Dette er det beste laget me har spelt mot nokon gong, og for tre år sidan vann dei heile Europacupen, seier Kamilla, som grunna ein ryggskade tidlegare i veka sjølv måtte fylgja denne kampen frå senga heime i Stod.
At det vert feiring, er ho sikker på – men fyrst har det mest aktive volleyballaget i Noreg ein del andre kampar dei må få unnagjort. Fyrste er mot Oslo komande sundag.