jan 232015
 
Betre ferjeløysing før 2018? Det er målsetnaden til ordførar Møgster Klepsvik, som møtte i samferdsleutvalet som vararepresentant på onsdag.

Betre ferjeløysing før 2018? Det er målsetnaden til ordførar Møgster Klepsvik, som møtte i samferdsleutvalet som vararepresentant på onsdag.

Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) vonar på ein betre kortsiktig løysning på Austevoll sin ferjefloke: B-ferje i kontinuerleg drift og at Hordaland tek rekninga er håpet.

 

Møgster Klepsvik meiner at politikarar og administrasjon i Hordaland fylkeskommune forstår austevollingane sin frustrasjon over ferjesituasjonen, som vart aktualisert på nytt etter «Selbjørnsfjord» sin kollisjon, som førte til at «Marstein» straks måtta takast ut av ruta si og nyttast som reserveferje.

– På lengre sikt ser eg positivt på dei nye anboda og det samferdsleutvalet har bede om når det gjeld kvalitet og miljø. På kortare sikt må me arbeida for at B-ferje ikkje held fram som reserveferje for dei andre sambanda, og at fylkeskommunen seier seg villig til å ta denne rekninga, konstaterer austevollordføraren.

 

Betre situasjon

Til fylkesutvalet sitt møte til veka kjem det både meldingssak om at austevollingane ikkje ynskjer å betala meir for ei b-ferjeløysing som ikkje fungerer godt nok, og ei politisk handsaming av kriteria som skal leggjast til grunn når administrasjonen skal arbeida vidare med anboda til dei fylkeskommunale ferjesambanda.

– Når det gjeld b-ferja må me ikkje gløyma at det dette tilbodet kom til som ein liten genistrek, trass alt salt me med berre elleve rundturar etter anbodet frå statens vegvesen, seier Møgster Klepsvik.

Til samferdsleutvalet 11. februar har representanten Pål Kårbø (KrF) bede om ei sak til politisk handsaming når det gjeld ferjesituasjonen i Austevoll.

– Me er nøydde til å ha to tankar i hovudet på ein gong. For næringsliv og innbyggjarar i Austevoll er det veldig lenge å måtta venta til 2018 for ein betra ferjesituasjon, seier Kårbø til Marsteinen. Han legg til at tinginga til neste møte vil klarleggja moglege alternativ, underforstått kostnadar for dei nærare tre åra før nye anbod kjem til å tre i kraft.

– Problemstilla gjeld òg Varaldsøy, men arbeidet er i fyrste omgang ei problemstilling som er løfta fram av Austevoll KrF, seier representanten til lokalavisa.

 

Av Trond Hagenes