feb 232011
 

“Talbor” hadde eit ekstremt godt 2010-fiskeri. Foto: Olav Endre Drønen.

2010 vart eit gullkanta år for ei rekkje av ringnótbåtane frå Austevoll. Totalt omsette fartøya i flåtegruppa for over 1,3 milliardar kroner. “Harvest” er eit av dei mange austevollfartøya som hadde rekordfiske i fjor. Inntektene låg på 73,2 millionar kroner. Reiar Inge Møgster peikar mellom anna på tobisfiske som ei god, ekstra inntektskjelde for fartøyet som har full ringnót-, kolmule- og i tillegg industritrålkvote. Skipper Nils Ingolf Haugland er strålande nøgd med fjoråret.
– Jau, det var eit fantastisk år. Prisane var gode, og 2011 ser eg ikkje bort frå kan verta endå betre. Rett nok har kvotane på til dømes sild gått ned, men prisane kan fort nærma seg seks kroner kiloet, noko me ikkje har sett på seks-sju år, spår ringnótskipperen frå Haugland. “Harvest” hadde ei relativt stor attståande makrellkvote frå 2009 – dei fiska i tillegg 280 tonn frå “Hardhaus” si kvote – og hadde som nemnt gode ekstrainntekter frå tobisfisket.
– Tobis er eit enormt kjekt fiske som eg endeleg har fått dreisen på. Me fiskar i april, mai og juni i Nordsjøen. Dermed vert me sysselsette stort sett fram til sankt hans, seier Haugland til Marsteinen.

Ekstremt godt
Arne Birkeland, reiar og skipper på Br. Birkeland-båten “Talbor” rapporterer om eit ekstremt godt 2010.
– Me hadde heile 2009-kvota på makrell att, men me var òg heldige gjennom å kunna fiska over halvparten av sildekvota på hausten då prisane var på topp. I tillegg var silda me fekk stor, seier Birkeland. Brisling og noko hestmakrell spela òg inn på sluttresultatet til “Talbor”, på heile 76,3 millionar kroner.
“Knester”-reiar Lars Ove Stenevik er òg nøgd med fjoråret. Jamne, høge prisar gav rimeleg stor omsetnad for den nyaste båten i flåten, som har basiskvote 532 tonn.
– Det vart jo mykje makrell, medan hestmakrellen som redda 2009 var heilt borte, seier Stenevik, som meinar at den spesielle situasjonen med EU i 2009 og restkvotane som vart overførte til 2010, fører til at ein må summera fiskeria over dei to åra og dela på to for å få eit meir korrekt bilete av fiskeria.
– Trass i at fjoråret var godt, har me heile tida store utfordringar i ringnót. Fokus på kvalitet, kjølemedium, utslepp av CO2 og NOx gjer det umogleg å kvila på laurbæra. Me må vera på hogget heile tida, konstaterer reiaren frå Selbjørn.