jan 292015
 
Snøggbåten "Tjelden" får ikkje start på nokon av motorane sine, og kjem seg ikkje vidare frå Møkster.

Snøggbåten «Tjelden» får ikkje start på nokon av motorane sine, og kjem seg ikkje vidare frå Møkster.

Snøggbåten M/S «Tjelden» ligg til kai ved Møkster grunna tekniske problem i motoren.
– Me er i dialog med dei som har levert motoren, men er enno ikkje sikre på kva som er i vegen, seier mannskapet til Marsteinen.
«Tjelden» skulle gått frå Møkster til Hufthamar klokka 13.45, og har éin passasjer om bord som skulle på arbeid på fastlandet.
Det vert no jobba med å alternativt få ein annan båt inn i rutene til «Tjelden».
– Me vil komma med driftsmeldingar så snart me har noko å oppdatera.