feb 042015
 
Mathias H. Herland (12) fekk mange til å måpa med den nydelege, klåre røysta si. Juryen valde å senda han vidare til fylkesmønstringa i april.

Mathias H. Herland (12) fekk mange til å måpa med den nydelege, klåre røysta si. Juryen valde å senda han vidare til fylkesmønstringa i april.

Med sjølvskrivne låtar, animert plastlina og ein gitarsolo frå øvste hylle vart Ungdommens kulturmønstring på Storebø eit uvanleg variert show.

I år var det 19 barn og unge mellom 10 og 18 år som deltok på den lokale mønstringa. Konferansierane Lisa Marie Dale Røstøen og Johanna Malene Ø. Nordeide frå ungdommens kommunestyre leia publikummet i kultursalen elegant gjennom laurdagens program.
Jentebandet The Three Girls bestod av tiåringane Tove Sæle på vokal, Sandra Pedersen på bass og Bergitte Sandtorv på gitar. På eiga hand, trygge og utan å ha karaoke å lena seg til, hadde dei ei nær og rein framføring av Uncover.
Nært var det òg då Hilde Kristin Bergsbakken Instefjord (16) åleine med el-gitaren sin song og spelte den sjølvkomponerte låten I’m Singing Here Tonight. Det såre, ekte og ærlege, prega 16-åringen si sceneopptreden. Som publikummar vert ein nyfiken på denne nydelege og alvorlege jenta, som skil seg ut.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.