feb 052015
 
Lakselus gjev vanskar for oppdrettarane i Austevoll - i alle høve på papiret. Foto: Lars Hamre, IMR.

Lakselus gjev vanskar for oppdrettarane i Austevoll – i alle høve på papiret. Foto: Lars Hamre, IMR.

Mattilsynet klassifiserer alle oppdrettsselskap i Austevoll i den verste kategorien for lakselus. Aller dårlegast ut kjem Austevoll Melaks.

Prioriteringslista til Mattilsynet er i utgangspunktet deira eige arbeideverktøy for kva selskap dei treng å halda ekstra nøye oppsyn med i kampen mot den vesle snyltaren lakselus. Alle selskapa frå Austevoll er hamna i den raude kategorien, det betyr at dei gjennom fleire rapporteringar har hatt meir enn 0,5 kjønnsmodene holus per fisk i perioden 1. januar til 30. oktober 2014.

Dagleg leiar Edvard Melingen i Austevoll Melaks, som var eit av selskapa som kom dårlegast ut, er grunnleggjande usamd i måten Mattilsynet har rekna seg fram til lusepåslaget.

– Sanninga er at me har særs gode lokalitetar, og at me har god kontroll på lakselusa samanlikna med veldig mange aktørar. Dessutan har styresmaktene pålagt oss å setja ut fisken vår om hausten, noko som er med på å vri oppdrettarane i ytste Møkstrafjorden i feil retning av skalaen, seier Melingen.

Resten av saka, med kommentarar frå Langøylaks AS, produksjonssjef Henrik Melingen hos Austevoll Melaks AS og Mattilsynet får du på papir eller PDF i dag.