feb 052015
 

Me har følgd verdsmeister Ørjan Johannessen i arkivet vårt. Det forteller om ei lang kokkereise til den endelege gullmedaljen i Lyion. Teikning: May Linn Clement.

29. august 1985: I Marsteinen kan ein lesa om innviinga av nyrestaurerte Bekkjarvik gjestgiveri. Arkitekt Arnold Holmedal får mykje av æra for det vellukka resultatet. Han rosar eigarane for viljen deira til å ta vare på miljøet i Bekkjarvik ved å behalda den opphavlege utsjånaden på gjestgjevarstaden utvendig. Vidare står det i artikkelen: «Fru Holmedal nytta høvet til å gratulera vertskapet med tvillingane, to gutar, som nett er komne til verda. Ho synest det var lurt av Asta og Øystein å sikra vidare drift av gjestgiveriet på denne måten.»