feb 062015
 
Heidi Hvidevoll og Judith Oline Svensdal har den fyrste arbeidsdagen sin på Bekkjarvik Blomster i dag.

Heidi Hvidevoll og Judith Oline Svensdal har den fyrste arbeidsdagen sin på Bekkjarvik Blomster i dag.

Som Fugl Føniks opna i dag Bekkjarvik Blomster, knappe to veker etter blomebutikken i same lokale var slegen konkurs.

– Det var trist med konkursen, men no ser eg berre framover, seier den ferske butikkeigaren Heidi Hvidevoll til Marsteinen. Prosessen med å opna opp att dørene i det eldste butikklokalet i Vikje, har vore særs kort.
– Eg bestemte meg på måndag for å starta opp att blomeverksemda. Det er eit stort steg å ta, og difor eit vanskeleg val å gjera. Men eg synest det er verd å prøva, i staden for å angra seinare på at eg ikkje gjorde noko, seier Heidi, som arbeidde i avvikla Austevoll Blomster i over fem år. Med seg vidare har ho Judith Oline Svensdal, som òg er eit kjent andlet bak disken. Onsdag for to dagar sidan laga damene ei eiga facebookside for butikken, og i skrivande stund har den fått 634 tilhengjarar.
– Responsen har vore kjempegod, og me har allereie fått fleire bestillingar på e-post og telefon. Til og med ein brurebukett!

Solveig Kalvenes var ein av dei fyrste kundane til Heidi. Ho meiner det høyrer til Bekkjarvik å ha ein blomeforretning.

Solveig Kalvenes var ein av dei fyrste kundane til Heidi. Ho meiner det høyrer til Bekkjarvik å ha ein blomeforretning.

Høyrer til i Vikje
Frå klokka tolv i dag strøymde det jamt og trutt handlande inn dørene i Bekkjarvik Blomster, med ein god porsjon lukkeynskingar til dei to damene.
– Eg fekk nokre roser herfrå i haust, den typen med tjukk stilk, og dei stod piskande i tre veker, seier Marie Hagenes, som kjem einsærend for å takka Heidi for at det framleis vil bløma i Vikje. Roser med tjukk stilk vil ein framleis kunna finna, sikrar Heidi.
Solveig Kalvenes fekk med seg nyhenda og butikkopning berre ein liten halvtime før dørene opna, og var blant dei fyrste kundane.
– Eg vart så veldig glad då eg høyrte at Heidi skulle opna opp att. Ho er ei god nabo av meg, og eg trur ho vil klara seg veldig fint, seier Solveig, som meiner det høyrer med til Bekkjarvik å ha ein blomeforretning.
Over bøttene med roser tett i tett står veninnene Ingebjørg Drivenes, Martha Kalve og Ingebjørg Solsvik.

Ingebjørg Drivenes, Martha Kalve og Ingebjørg Solsvik kjøper blomar til seg sjølve - to små dagar før morsdagen.

Ingebjørg Drivenes, Martha Kalve og Ingebjørg Solsvik kjøper blomar til seg sjølve – to små dagar før morsdagen.

– Eg må seia, eg likte lokalet endå betre no når disken er flytta. Det vart så mykje romslegare, seier Martha. Alle tre synest det er gledeleg at ein igjen kan få kjøpt seg skikkelige blomar i Bekkjarvik. Og blomar kjøper dei, før dei tek seg i at det er snaue to dagar til morsdagen, og at det gjerne er generasjonen under dei som skulle vore på blomehandel i dag!

Av: May Linn Clement