feb 072015
 
Slik såg einebustaden ut klokka 10.30 i dag.

Slik såg einebustaden ut klokka 10.30 i dag. Foto: May Linn Clement.

Ein einebustad på Knivhaugane på Storebø er laurdagsmorgonen totalskadd i brann. Alle dei seks personane i huset kom seg ut. Ein mann på 33 vart sendt med ambulanse til Haukeland sjukehus. Skadane er lettare.

Det var klokka 06.18 at Austevoll brann og redning fekk melding om brannen i eit bustadhus på Storebø, like bak eldrebustadane på Knivhaugane.
– Vakthavande bur like ved, og var på staden nesten minuttet etter. Det er kanskje den snøggaste utrykkinga me har hatt, seier brannsjef John Levi Weløy til Marsteinen. Ikkje lenge etter var mannskapet på 14 på plass.

Meldaren til sjukehus
Bustaden har utleigedel i kjellaren, og det er ein leigebuar her som meldte frå om brannen. Dette skal vera same personen som seinare vart sendt til Haukeland sjukehus, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt Preben Wallestad til Marsteinen. I fylgje NRK er dette ein mann på 33 år, og skadane er lettare.
Til saman skal det ha vore seks personar i huset – fem i hovuddelen og éin i utleigedelen – då brannen braut ut, får Marsteinen opplyst frå ei sikker kjelde. Preben Wallestad seier bebuarane har fått innlosjering hos venner og familie.
Nabohuset med fire personar vart evakuert under brannen, då det på eit tidspunkt var fare for spreiing.brann03
Klokka 09.31 fekk politidistriktet melding om at det lokale brannvesenet hadde kontroll på flammene. Det vart sidan drive etterslokking av bustaden, som står oppreist men er elles totalskadd. Klokka 11.32 var utrykkinga over, og debrifing med alle naudetatane i kommunen – brann, politi og lege – finn stad ved brannstasjonen.
Det er anteke at brannen har starta i leilegheiten på bakkeplan, men det kan ikkje stadfestast før Austevoll lensmannskontor har kome i gang med etterforskinga av saka.