feb 122015
 
Rune Fagerbakke går inn i lokalpolitikken, og stiller som ordførarkandidat for Arbeidarpartiet.

Rune Fagerbakke går inn i lokalpolitikken, og stiller som ordførarkandidat for Arbeidarpartiet.

Rune Fagerbakke vert Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat ved kommunevalet i haust. Med seg i toppen på lista har han Anja Heggholmen, Ketil Helland og Isabell Halstensen Heggen.

– Å stogga privatiseringa er noko av det me har høgast på agendaen, seier Fagerbakke, og legg samstundes til at lokalpartiet er tidleg i programarbeidet sitt.

Me ynskjer å sjå på korleis pleie- og omsorgstenestene er organisert i dag. Og me er ikkje frammande for å reversera slik det er idag, seier Fagerbakke til Marsteinen.

Den endelege lista vart klar etter at avisa gjekk i trykken i går, men i neste nummer kan du lesa meir om Arbeidarpartiet sine kampsaker og toppkandidatane deira.