feb 172015
 

Festspillene i Bergen skyt for tredje året satellittane sine ut i nærområda. Lina Johnson tek med seg kjærasten og barytonstjerna Audun Iversen til Hengjo.

 

Audun Iversen og Lina Johnson tek med seg kjærleiken til Hengjo i mai. Pressefoto/May Linn Clement.

Audun Iversen og Lina Johnson tek med seg kjærleiken til Hengjo i mai. Pressefoto/May Linn Clement.

Frå dei store scenane til intime Hengjo siste laurdagen i mai. Ei utfordring, skal me tru Lina Johnson som onsdag og fredag står på scena i Oslo i den kvinnelege hovudrolla Rosina i Barberen i Sevilla.

– Det vert noko heilt anna å stå ein meter frå publikum og syngja, akkompagnert av eitt piano i Bekkjarvik. Det vert meir nakent, intimt og noko å bryna seg på for oss, seier Austevoll si operasjerne til Marsteinen. Ho gler seg storleg over å komma heim nok ein gong, og er overvelda over mottakinga har fått ved dei to tidlegare høva. Tema for året i Festspillene er kjærleik.

 

Iversen

Kjærasten Audun Iversen er for tida i San Francisco på jobb. Tilfeldigvis i same opera som Lina spelar i Oslo. Kva er då betre enn at Figaro og Rosina har stemnemøte i Hengjo?

– Eg gler meg til å visa han fram for austevollingane, seier Lina om kjærasten. Paret har vore saman i 14 år, og mange vil nok hugsa harstadværingen som vinnar av Dronning Sonjas internasjonale musikkonkurranse i 2007. Lina forsikrar at Audun kjenner Austevoll godt etter fleire jule- og påskeferiar på øyane.

– Men det har vore i sivil, ler ho.

I tillegg til den noko lettbeinte barberen frå Sevilla, vert det òg tonar frå Verdis La Traviata og Rigoletto. Duoen kjem til å supplera med nokre innslag frå operettar og songar frå mellom andre Grieg. Med seg på piano får kjærastane Sveinar Aase. Dei syng i Herdla kyrkje dagen før dei kjem til Bekkjarvik.

Av Trond Hagenes