feb 192015
 
Influensa har råka mange barnehagar hardare enn nokon tilsette kan hugsa. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.

Influensa har råka mange barnehagar hardare enn nokon tilsette kan hugsa. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.

I vinter er det ein kraftig influensaepidemi som har bite seg fast i folket, og austevollingane er diverre ikkje noko unntak for basseluskane.

Sår hals, feber over 39 grader, hoste som etterkvart kjem snikande på og totalt utmatting i tre-fire dagar. Det tek gjerne ei veke før du er deg sjølv att. Verkar symptoma kjende? Då er du nok blant dei mange som har fått influensa i vinter. Kommunelege 2, Sverre Rørtveit, seier til Marsteinen at viruset har vore ganske heftig i vinter. Kvifor det nokon år råkar hardare enn elles, kan ingen ekspertar svara på.
– Me veit at det var eit svakt virus i fjor, men eit kraftig igjen i forfjor. Det viser tal me har både her lokalt og frå laboratoriet ved Haukeland, seier Rørtveit.
– Influensa er stort sett ikkje farlig for normalt friske folk, men om nokon kjenner seg påfallande sjuke, skal dei oppsøkja doktor. Då sjekkar me om det kan vera lungebetennelse.
Dei som er vaksinerte mot influensa skal vera rimeleg godt rusta mot det kraftige viruset, som òg kan råka i lettare grader.

50 av 80 sjuke
I fleire av barnehagane i kommunen merkar dei godt at influensaen er spesielt kraftig i år. I går var halvparten av alle barna i Bekkjarvik FUS barnehage heime grunna sjukdom.
– Me har folk som har arbeidd i barnehagar i over 20 år, og dei har aldri opplevd liknande, seier dagleg leiar Sigrid Solesvik.
– Det er denne veka her det har teke seg kraftig opp hos oss. Nokre barn er lettare råka, medan andre har veldig høg feber.
Dagleg vask og desinfisering av alt frå stellematter til dørhandtak i barnehagen er vanlegvis hemmande for spreiing av basseluskane, men influensaviruset i vinter har klart å lura seg gjennom.
I Sjøliv FUS barnehage på Hundvåkøy hadde dei den høgaste toppen av fråverande barn for om lag to veker sidan. Med eit atterhald om nøyaktige tal, fortel dagleg leiar Aud Iren Troland at dei på det minste var 30 av 80 barn i barnehagen. Òg fleire av dei tilsette vart råka av influensa, som fort tok ei veke.
– Det har vore valdsamt, men no byrjar me å koma back on track. Eg kan ikkje hugsa å ha opplevt tilsvarande tal på sjuke barn, seier Aud Iren. Ho har arbeidd i barnehagar sidan 2006.

Av: May Linn Clement